Åge Hareide slutta som Viking-trenar i juni i år, og tok deretter over svenske Helsingborg. I førre veke leia han sin siste kamp med 2-0 siger borte mot Twente.
NRK Sport skriv at trass i fleire ledige trenarjobbar i Norge har Hareide ikkje blitt kontakta av norske klubbar.
Han har no flytta heim til Molde.
– Den einaste klubben eg har prata med var frå toppdivisjonen i Kina. Det var veldig langt borte, så eg sa vel nei med ein gong. Det var ikkje noko å vurdere, seier Hareide til Dagbladet.
Han har ikkje sagt seg ferdig som fotballtrenar, men lysta er altså ikkje så stor at han reiser til Kina.
- Det er viktig å trivast der ein er. Kina er sikkert spennande, men det er langt vekke frå familien, legg Hareide til.