Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund vart i dag offisielt opna av Kronprins Haakon.

Etter opninga fekk Kronprinsen omvisning i det flotte bygget. I nederste etasje stod Knut Johan Rønningen, prosjektdirektør for opplæring i Rolls-Royce, klar for å vise Kronprisen under på opplæringsavdelinga. Kronprinsen  fekk mellom anna fjernstyre propellar, og sa med eit smil til dei som stod rundt: - Pass dokke!

- Det er strålande å høyre korleis næringslivet og forskingsmiljøet har blitt sameina, sa Kronprins Haakon i talen sin under opninga.

Han har tru på at Norsk Maritimt Kompetansesenter kjem til å bli eit kraftsenter både for den maritime klyngja på Nordvestlandet, og for heile nasjonen.

- Norsk maritim industri er fremst i verda. Starten var fiskeri, men nasjonen har hatt dyktige folk som såg sjansen til vidareutvikling av konsept. Derfor har den maritime industrien i Noreg blitt så godt, kommentererte Kronprins Haakon.