Edel Charlotte Eiken Fosse er ein del av det norske laget som torsdag skal konkurrere i lagkonkurransen under turn-EM som blir arrangert i Glasgow.

Det er fem jenter på det norske laget, som tek mål av seg å gjere det best mogleg i lagkonkurransen. Difor turnar ikkje jentene alle fire øvingane, men i staden i sine beste øvingar.

For Edel Charlotte Eiken Fosse sin del betyr det at ho skal turne i favorittøvinga skranke, samt i frittståande.

Etter å ha trent hardt for å bli klart til EM heime i turnhallen på Skeide, vart gymnastane samla i Oslo sist veke. Denne veka var dei på plass i Glasgow og tysdag gjennomførte dei podietrening i konkurransearenaen.