Hallvard Falk er busett på Storegjerdet i Ulsteinvik, og har dei siste dagane hatt besøk av ein liten pus. Han meiner katten er mellom 5 og 6 månadar gammal.

- Det er ein ungkatt. Den har gått rundt huset mitt i tre-fire dagar no. Det er heilt klart ein huskatt, for den søkjer merksemd. Eg har passa på å gje pusen mat, men den er framleis svolten, redd og usikker, seier Falk.

Han håper at eigaren av katten melder seg snarast råd, slik pus får kome heim.

- Det er jo diverre dei som nyttar ferietida til å kvitte seg med husdyr som ikkje er ønska, men det trur og håper det ikkje er tilfelle med denne pusen. Den har nok gått seg bort, kanskje følgt etter nokre born eller på anna vis ikkje funne igjen heimen sin.

Meiner du det kan vere din huskatt som har dukka opp hos Hallvard? Då kan du kontakte han på telefonnummeret 90996557 eller kontakte Vikebladet Vestposten på redaksjon@vikebladet.no.