Liadal barnehage har siste åra sett opp ein gapahuk og eit stort ”trollebord” med tilhøyrane kubbestolar. No er barnehagen i ferd med å byggje eit stabbur der det mellom anna skal bakast lefser og flatbrød.
Då vaktmeister Knut Halse t.v.) i Liadal barnehage høyrde at Svein Vassbotn (78) (t.h.) frå Volda skulle komme på besøk til Liadal, var han ikkje sein om å fyre opp i sitt eige stabbur som står oppført i hagen hans. Der baud han Svein og dagleg leiar i barnehagen, Frank Vidar Andersen, på kaffi og sjølvlaga flatbrød. Dei tre karane prata om tre, trearbeid og byggjeskikk i fleire timar.
Foto: Foto: Hjørdis Almelid Vikenes