I Hareid kommune, nærare bestemt i Hjørungavåg, ligg nemleg firmaet Kirkedata, som held over 100 av kyrkjekontora i landet med serverkapasitet. På serverane i Hjørungavåg ligg også databasar og programvare som kyrkjekontora knyt seg opp mot når dei arbeider. Koordinator ved Meland kyrkjekontor utanfor Bergen, Anne Sofie Nergård Uthaug, fortel til Vårt Land at adventstida vanlegvis er hektisk, og at ho ikkje vart mindre hektisk då dei brått vart utan datakraft. Det er Einar Aasen som driv Kirkedata. Som kjent fekk Telenor strekt ein ny kabel over fjorden etter nokre dagar.
Nyhende →
Kabelbrotet hemma Kyrkje-Norge
Hugsar du den fiberoptiske kabelen mellom Sula og Hareid som vart kutta av eit ankerhandteringsfarty tidleg i desember i fjor? Brotet førte blant anna til at store delar av Kyrkje-Norge var utan datakraft nokre dagar.