Øyvind Lied frå Volda gjorde i vinter stor suksess i Herøy i musicalen “Jesus Christ Superstar”. Første helga i juli blir han Ragnar Herøyhovding. Foto: Heroyspelet

I årets utgåve blir det også ei ny barnerolle - ei lita jente.

Første framsyning av vikingmusikalen “Kongens Ring” var sommaren 1992. Til no har nærare 40.000 menneske sett spelet.

Øyvind Lied skal før første gong spele Ragnar Herøyhovding. Lied er godt kjend i Ørsta og Volda, blant anna frå Merkesteinane, Korslaget og mange oppdrag innan song og musikk. I Herøy gjorde han ein god jobb i musicalen “Jesus Christ Superstar” no i vinter.

Lied skal spele mot profesjonelle skodespelarar som Agnes Kittelsen (Unn den fagre), Jon Bleiklie Devik (Mørekarl), Hedvig Garshol (Inga), Frode Bjorøy (Ingolv Ynda) og Bjørn Willberg Andersen (Fe den synske).

Lokale proffar

Fredrik Steen skal også i år spele Kong Olav Haraldsson, Nina Elisabeth Bøe blir Kjerring Bråte og Bjørn Holum skal vere "forteljaren".

I viktige roller elles finn vi Sigurd Nygård som Bjørn Stallkar, og Roar Skoglund går på ein ny sesong som Bisp Grimkjell.

Nils Magne Abelset, blir dirigent og musikalsk ansvarleg, og regien blir også i år ved Gerald Pettersen.