Vi treng meir plass, fortel innehavar Laila Lillebø Endresen. Butikken med interiørtekstilar har til no halde til i trivelege lokale i første etasje i Krukkehuset. No ventar betre plass for utstilling av gardin, - møbelstoff og tapet. Ein fordel ved flyttinga er at i Bjørndalsvegen vil syverkstaden få plass i same etasje som butikken, fortel innehavaren. Det er stor interesse for å få sydd gardiner. Symaskina har gått for fullt, også i sommar. Trass i eit dårleg sommarvêr har det vore rift om solskjermingsgardinene. No ventar innehavaren på at alt skal bli klart for flytting, sannsynlegvis i løpet av oktober. Då vil det bli betre plass for småmøblar, lampar og tekstilar; stort sett same varesortiment som før. Eg trur vi skal få det koseleg i dei nye lokala også, lovar Lillebø Endresen.