Begge jentene er busette i Ulsteinvik, men har i sommar dei fleste dagar i veka tatt bussen til Hareid der dei er forryttarar i ein stall på Elvaneset. Mot å hjelpe til å fjøsen får dei ride hestane Krølle og Menja. Begge jentene har no ride i sju år, og dei håper inderleg Hareid ride- og køyreklubb snart får opp ein ridehall ved bana si i Hjørungavåg. Hesteinteressa vart tent med parkriding på Hareid. Hestemiljøet i Ulsteinvik og Hareid er stort, og ved ridesenteret til Sigurd Liavåg i Liavågen myldrar det av hesteinteresserte, spesielt jenter. Ragnhild Vartdal og Tove Maren Bigset Johnsen er så ivrige at dei heilt på eiga hand arrangerte ryttarstemne i Hjørungavåg laurdag. Med i programmet var også oppvisning og kostymeshow, og deltakarane hadde fått mødrene sine til å sy kostyme til framsyninga. Det vart litt mykje styr, så vi gløymde å annonsere, fortel Tove Maren B. Johnsen. Truleg var det forklaringa på at det stort sett var medlemene i Hareid ride- og køyreklubb, pluss ivrige foreldre, som stod langs gjerdet og såg på sprangridinga og oppvisninga. Sistnemnde handla tydelegvis om gode og vonde krefter. Hestane og ryttarane kom i alle fall ridande inn på banen i kvite og svarte flagrande kapper. Dei såg ikkje ut til å vere gode venner den første bolken, men dei gode kreftene vann, og hendene til dei i kvite kapper fletta seg til slutt inn i hendene til dei med svarte kapper. Hestane var tydelegvis samarbeidsvillige og godt dresserte. Slikt har vi aldri opplevd her i Liavågen tidlegare, smilte Sigurd Liavåg nøgd. Inne i eit oppslått "party"-telt stod foreldre og steikte vaffelkaker, medan andre føresette stod i eit hjørne og styrte stereoanlegget. For musikk, til dels dramatisk musikk, må til når hest og ryttar skal inn på banen for å illudere gode og vonde krefter.

Ragnhild Vartdal (t.h.) og Tove Maren Bigset Johnsen vart tende på riding for sju år sidan under ein parkdag på Hareid. No håper dei det snart kjem ridehall ved bana i Liavågen.
Henriette Johnsen (f.v.) fekk 3.-plass i sprangkonkurransen. Robecca Sundgot 2.-plass, Astrid Brudevoll 1.-plass og Ragnhild Johnsen kom på 4.-plass.
Astrid Brudevoll hadde pynta "Lady" i eit amerikanskinspirert kostyme, kjøpt i Sverige.