Det byrja bra for Hødd, i motvind scora Joachim Magnussen etter eit frispark inn i feltet frå Erik Sandal. Likevel utlikna Kolstad midtvegs i førte omgang og eit slurvete Hødd-lag lot botnlaget Kolstad henge med i kampen.

I andre omgang var det berre eitt lag på bana. Hødd i medvind scora heile seks gonger og nedrykk er no eitt faktum for Kolstad. Den sterke vinden fekk mykje å seie for kampen og fleire av måla var av den spektakulære sorten. Det forløysande 2-1-målet kom frå Thomas Lid Kleppe. Ein corner til Hødd hamna utanfor feltet hjå Vegard Heltne. Heltne lempa ballen inn att i 16-meteren der Lie Kleppe heada i tverrliggaren, men vinden blåste ballen inn i mål(!).

Derifrå og ut køyrde Hødd fullstendig over Kolstad. 7-1 etter scoringar av Joachim Magnussen(2), Thomas Lid Kleppe, Kazeem Ahmed, Vegard Heltne og Oddbjørn Lie.

Måndag går den spennande kampen mellom RBK 2 og Kristiansund.

Les deg gjennom kampen i CoverIt Live-boksa.

Lars Arne Nilsen jubla etter kampen Foto: MMS-foto: Simen Rasmussen
Blåsarane var godt representerte i Trondheim, laurdag. Foto: MMS-foto: Simen Rasmussen