Etter at båtruta til Hatløya vart lagt ned har det vorte vanskelegare å kome til Borgarøya for å utføre vedlikehald. For å løyse problemet har ein av dei tilsette lånt ut sin private båt til å frakte utstyr og personell. No vil gjerne UEKF kjøpe inn ein båt som dei tilsette i kommunen kan bruke. – Båten er viktig for UEKF for å kunne gjere ein jobb på Borgarøya. Båten skal brukast til å frakte folk og utstyr med. Det skal ikkje vere nokon skyssbåt til å frakte vanlege folk med, presiserer Rune Urke som er leiar i UEKF.
Budsjett og økonomiplan
Tysdag var Ulstein Eigedomsselskap KF sitt budsjett for 2010, samt økonomiplanen for 2010-2013, oppe til diskusjon i formannskapet. Saka skal vidare til kommunestyret. Formannskapet nytta sjansen til å stille spørsmål til leiar Rune Urke. Eigedomsselskapet fekk ros med politikarane for å ha utarbeidd eit detaljert og oversiktleg budsjett. – UEKF er eit selskap med stigande omdømme. Det er eit teikn på at selskapet er profesjonelt og at dei veit kva dei styrer med, sa Ivar Mork (Ap).
Kontinuerleg vedlikehald
Politikar Olav Sæter (KrF) lurte på om ein kan vurdere nivået på vedlikehald i 2010. – Ein bør ikkje skjere ned på vedlikehaldsnivået. Vi bør ha eit fornuftig vedlikehald slik at bygga held seg. Dersom ein utsett vedlikehald vil det hope seg opp og verte mykje dyrare når ein først skal ta det, svarte Rune Urke. Politikarane kom også med innspel på at UEKF bør vere forsiktige med ordbruken. – Vi må passe oss meir når det gjeld måten vi ordlegg oss på. Det gjeld både sal av bustader og korleis ein definerer bustader, oppsummerte Urke.
Stabile utleigesatsar
Urke fekk også spørsmål om korleis svingingar i rentenivå eventuelt bør påverke husleige. – Eg meiner vi bør prøve å halde ein viss stil når det gjeld utleigesatsar. Vi kan ikkje skifte dei like ofte som renta svingar, meinte Urke. UEKF har tent på det låge rentenivået, men no stig renta gradvis. – Vi bør bruke tider med lågt kostnadsnivå til å førebu oss på å møte hardare tider. Eg meiner at rentefondet er for lite i dag. Vi kan heller auke overføringane til kommunen når det går godt, avslutta Urke.