Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland, er ei av bøkene litteraturformidlar Janne Karin Støylen vil lese høgt frå.

– Det er kanskje ikkje så mange som har vore på ein bokfest før, men det blir litt som ein bursdagsfest med nokre fleire gjester enn vanleg og der bøkene står i sentrum, seier informasjonsleiar Gaute Øvereng i Aasen-tunet.

Bokfesten opnar i salen der litteraturformidlar Janne Karin Støylen les frå fleire nye barnebøker. Du får mellom anna høyre korleis dyra søv, frå boka Sov søtt, herr Spiss av Erna Osland, forteljinga om Mons Marius som blir ei løve, ein snigel, eit stinkdyr, ein gris og ei bie slik Bente Bratlund fortel det i boka Mons Marius blir ei løve. Vi møter fleire dyr i boka Himmelspringar av Sissel Horndal. Den handlar om sauen Fjellfjosa som får tre fine kvite lam, og eit lilla!

På ein familiedag i Aasen-tunet er det alltid aktivitetar og verkstad av ulike slag. Denne gongen får borna mellom anna kle seg ut, lage handdukker og dei kan vinne flotte bokpremiar frå Blåmann barnebokklubb.