Ulstein kommune har arbeidd med nye skuleveg i bortimot førti år. Tor Meinseth meiner tida er overmoden for handling. Saka står på staden kvil på grunn av slike utspel som Hannelore Måseide kjem med, sukkar Meinseth. No er reguleringsplanane for skuleområdet og bort til Reiten ute på høyring for andre gong. Å kome med krav om folkemøte no, meiner høgrepolitikaren er totalt malplassert. Han forklarer utspelet til sitjande ordførar med at ho personleg er i mot den nye vegen. Men det hevdar Meinseth at Måseide er ganske aleine om. Ho har ein handfull menneske med seg. Medan 90 % av folka i Ulsteinvik vil ha ny skuleveg, hevdar Meinseth.

Utdebattert

Tor Meinseth meiner debatten om ny skuleveg er utdebattert. No må vegen kome. Han skulle ha kome for 30 år sidan. Jo meir saka blir utsett, jo vanskelegare blir det å få til ny veg. Der kjem stadig nye hus å ta omsyn til. Meinseth forstår ikkje kvifor Måseide seier at kommunen må få ringvegar. For Ulstein har alt ringvegar, og det skal kommunen ha i framtida òg. Det som må skje er at Holsekervegen må fornyast. Og vegen frå ungdomsskulen til Reiten må få gang- og sykkelsti, forklarer Meinseth.

Maktskifte

Høgrepolitikaren vonar folk merkar seg kvar Arbeidarparti-toppen står når det gjeld vegar, særleg når det gjeld skuleveg, og hugsar det når dei skal røyste 10. september. Om Høgre kjem til makta vil partiet prioritere vegar. Dei vil ruste opp eksisterande vegar, byggje nye vegar, få på plass gang- og sykkelstigar og sørgje for nok parkeringsplassar. Dette er saker Høgre tek på alvor og vil få gjort noko med, slår Meinseth fast. Han lovar at det vil skje noko med Høgre i ordførarstolen. Om Hannelore Måseide ikkje er for ny skuleveg, vil det seie at ho seier ja til den gamle, oppsummerer Meinseth og legg til at det er viktig at den nye skulevegen kjem no til den nye ungdomsskulen kjem.

Fakta:

Ulstein formannskap har møte i dag der ordførar Hannelore Måseide (Ap) vil føreslå for resten av formannskapet at dei kaller inn til folkemøte om skulevegen.

Tor Meinseth.