Det er Norges televisjon AS (NTV) som byggjer og skal drive det digitale bakkenettet i Norge. Ferdig utbygd vil det digitale bakkenettet bestå av 452 sendarmaster på fjelltoppar og høgdedrag rundt om i Norge. Frå mastene blir det sendt ut TV-signal som du kan ta imot med antenne. Kapasiteten i dagens 40 år gamle analoge bakkenett er sprengd, samtidig er det stor etterspørsel etter nye kanal-tilbod. Ved å ta i bruk digital teknologi kan kapasiteten utnyttast mykje betre, heiter det i ei pressemelding frå NTV. - Alle som i dag tar inn TV-signaler via ei vanleg tak- eller bordantenne, blir direkte berørte av overgangen. For å ta inn digitale signal må du ha ein digital dekodar (mottakarboks). Det analoge nettet blir stengt fylke for fylke i same rekkefølgje som det digitale blir opna. I Møre og Romsdal blir det stengt tysdag 28. oktober 2008. Når det analoge nettet er stengt, må du ha ein dekodar for å sjå TV via antenne.