Samarbeidsutvalet ved Ulstein skule har no fått brev frå Riksantikvaren der det går fram at dei får lov til å nytte den gamle fylkesvegen som går gjennom eit felt med to gravrøyser. Dei får vidare løyve til å fjerne torva som i dag ligg i den gamle fylkesvegtraséen. Løyvet blir gjeve på vilkår av at det ikkje blir gjort inngrep i røysa eller i grunnen innanfor sikringssona til gravrøysene. Konsulent Lars Langnes på Oppvekst- og kulturkontoret i Ulstein stadfestar at alt er klart. Så fort gangvegen ut til Ulsteinelva er ferdig, vil gravemaskinen flytte seg ut til Gåsneset og halde fram gravinga i retning Flø. Langnes seier at det ikkje er så lenge til. Det er alt køyrd ut ein del masse til turstien. Langnes opplyser om at teknisk utval må ta stilling til om turstien skal gå på oppsida eller nedsida av ei gamal søppelfylling, men det er meir enn nok veg å ta fatt på før dei fattar eit slikt vedtak. Finansieringa av turstien er på plass. Samarbeidsutvalet fekk 200 000 kroner i spelemidlar. Skulen gjev 25 000 kroner, bankar og bedrifter har gjeve 71 800 kroner, dei skal få 45 000 kroner i rabattar og folk har lovd å stille på dugnad. Langnes spår at det vil ta to-tre år før turstien er ferdig. Når dei har fått tippemidlar må dei vere ferdige innan tre år, men det skal dei då fint klare.