Det nye skipsdesignet har fått nemninga UT 776 frå Rolls-Royce Marine. Kombinasjonen fart, brennstofføkonomi og lastekapasitet gjer designa til noko av det mest optimale som blir bygd i dag. Skrogutforminga gjer at skipet glir lett og miljøvennleg gjennom sjøen. Maksfarta er på 17 knop. Lastedekket er på over 1000 kvadratmeter. Island Champion er den største plattform-supplybåten i flåten til Island Offshore. Skipet er bygd ved Brevik Verft, og går rett frå Oslo til Aberdeen og vidare vest av Shetland, der det i fem år framover skal utføre supplyppdrag for Chevron.