Tidlegare har det vore eit tilbod om subsidiert frukt til elevar på barnetrinnet. Nytt av i år er at regjeringa har sett av ein pott på mange millionar kroner for å tilby ungdomsskuleelevar i heile landet gratis frukt.

På alle skular

Alle skular som har ungdomstrinn har fått tilbod om å innføre ordninga no, stadfestar Vatne. Han synest det er flott at elevane får denne gåva frå styresmaktene. Rektoren har tru på at prosjektet vert vellukka, særleg sidan frukta er gratis og tilgjengeleg for alle. Vi har ei kantineordning som fungerer godt, og vil truleg plassere utdelinga av skulefrukt der i fyrste omgang, seier han. Vatne er oppteken av å halde ein tett dialog med elevrådet, slik at elevane skal få best mogleg utbytte av ordninga.

Elevane tek del i avgjerda

Undersøkingar viser at oppdelt frukt vert lettare ete og er meir populært enn heil frukt. Vatne er ikkje sikker på kva metode dei kjem til å nytte ved hans skule. Eg har tru på at oppdelt frukt vil gå unna raskare, men elevane skal vere med i avgjerda. Det er trass alt dei som skal nytte seg av tilbodet, seier han. Skulen kjem til å ha ei blanding av økologisk- og "vanleg" frukt. Uansett kva leverandør vi kjem til å velje, er det eit krav om at ein viss del av frukta skal vere økologisk framstilt, forklarar Vatne. Han trur skulen kjem til å starte ordninga med innkjøp hjå lokale kjøpmenn, men at dei etter kvart vil knytte til seg større leverandørar.

Frukt og grønsaker

Dersom skulen går inn i ei ordning med ein skulefrukt-leverandør vil dei ha lite styring på kva frukttypar som kjem frå dag til dag. Vatne seier likevel dei vil klare å gi eit tilbod til alle, også dei som er allergiske. Eg reknar med at vi får tilsendt frukt og grønt etter årstidene, slik som til dømes eple, appelsin og gulrot. Vi er merksame på at enkelte elevar har til dømes sitrusallergi, og vil ta omsyn til dette. Heldigvis er elevane så store at dei veit kva dei toler og ikkje sjølve, seier rektoren. Han trur at dersom frukta skal serverast i bitar så vil det vere rom for å kunne tilby fleire fruktsortar same dagen, slik at alle kan finne noko dei likar og toler. Skulen får nemleg levert frukt for eit par dagar i gangen, så det skal vere mogleg å dele dei opp og variere.

Tilbod

Skulen kjem til å bestille inn ei viss mengde frukt, i høve det forbruk dei trur det vil bli. Rektor Vatne har tru på at skulefruktordninga vil gå seg til etter kvart, og at elevane skal bli nøgde med den. Han meiner det er viktig at ordninga fungerer slik at den frukta som elevane hentar blir ete opp. Fruktordninga er frivillig, og dei som ikkje har lyst på frukt ein dag kan kjøpe anna sunn mat i kantina, presiserer han.

Rektor Asbjørn Vatne synest ordninga med gratis skulefrukt er bra. Her sjekkar han kvaliteten på epla hjå Coop Prix.