Borna kunne både få sitje i ein politibil, ta fingeravtrykk og sjå arresten.

Men det aller mest populære var å få målt løpsfarta med laser.

Då Politiets dag var slutt, oppsummerte lensmann Hans-Eirik Pettersen at dei hadde gjort til saman 490 fartsmålingar.

Høgste fart stod Dimnautøvar Gabriel Overvåg for. Han sprang i 27 kilometer i timen.