Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjosnevne slutta samrøystes opp om Ottar Kaldhol sitt framlegg til vedtak om Snoezelen. Dei støttar ikkje Rådmannen si innstilling om samordning og samlokalisering av snoezelentilboda på Reiten og Holsekerdalen.

Fellesrådet meiner det ikkje er grunnlag for å fastslå at dei to nemnde tilboda på Reiten og Holsekerdalen er likeverdige. Berre forskjell i kvaliteten på lokala og omgivnadane er åleine nok til å dokumentere at Reiten er betre enn Holsekerdalen.

Fellesrådet vil vidare peike på at det i rådmannen si saksutgreining ikkje er omtalt noko om dei muligheitene som ligg i sal av snoezelentenester til omliggande kommunar.

Fellesrådet meiner at det både arealmessig og fagleg er mulig å auke kapasiteten og utvide tilbodet for sal av tenester og at det då er meir framtidsretta å satse på styrking og  utvikling av tilbodet og satsing på kompetansehøgding, meir enn nedbygging ved samlokalisering.

Fellesrådet har respekt og forståing for prosessen med omstilling og innsparing i kommuna, men er sterk usamd i at dette må råke snoezelentilbodet. Fellesrådet vil derfor be om at denne konkrete delen av tenestetilbodet i Ulstein kommune vert skjerma og at ein ikkje legg ned tilbodet på Reiten.

Fellesrådet vil be om at ein i den vidare politiske handsaming av denne saka legg til grunn at dette er eit opplæring og behandlingstilbod til medmenneske som på alle vis treng det beste vi som eit ansvarleg og solidarisk fellesskap kan gi dei.

Meir i papiravisa torsdag 30. august.