Fredag kveld rauk Kaja Rode ut av The Voice.

Rauk ut:

I natt har ho personleg sendt ein kommentar til Vikebladet Vestposten, der ho mellom anna skriv at målet hennar fredag kveld først og fremst var å levere sitt aller beste.

- Eg ønska å vise kjensler og vere meg sjølv, og det følte eg at eg klarte, skriv ho, og held fram:

- Eg er utruleg stolt for å ha kome så langt i konkurransen, og det har vore ei uforgløymeleg reise. Det er sjølvsagt trist at The Voice er over, men dette er berre starten! Tusen takk til alle som har stemt på meg, for all støtte og gode tilbakemeldingar. Det betyr uendeleg.