Leiaren i Transport- og kommunikasjonskomiteen, Nikolai Astrup er på turné denne veka. Høgremannen starta i Oslo, der han bur, og køyrde kysten rundt til Kristiansand, Stavanger, Bergen og onsdag midt på dag kom han fram til Hareid. Etter planen køyrde han til Lillehammer same kveld.

– Det eg ser når eg køyrer denne turen er at behovet for å satse på veg framleis er stort, kommenterer Astrup. Han skundar seg å leggje til at han har vore ute og reist i fylka tidlegare, men no som han køyrer heile strekket samanhengande får han ei viktig påminning om at Noreg står framfor store viktige vegprosjekt, sjølv om Høgre har satsa mykje på veg medan dei sit i regjering.

Veit ikkje kva ein får

– Det er eit vegval på mange vise. Dagens regjering vil satse på samferdsel og veg. Ei ny regjering vil nok samarbeide vil truleg samarbeid med Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne, og dei partia ønskjer ikkje å satse på veg, åtvarar Astrup.

Stolt fortel han at han reiser rundt i ein elbil. Bilen får han lada på stoppa sine. Han har ikkje hatt ekstra stopp for å lade bilen. Og han likar godt at han får lade bilen gratis, så han slepp å bruke pengar på drivstoff.

– Hafast er viktig

Han trekk fram Hareid Fastlandssamband som eit stort og viktig samferdselsprosjekt som ein bør få på plass, noko Kjell Sandli og Gunvor Ulstein (dagleg leiar og styreleiar i Hafast) likar godt å høyre.

Astrup er glad for at det er kome opp målestasjonar, og synest det er synd om det med ny regjering blir slutt på planleggingsmidlar til Hafast.

– Det er viktig at dette blir eit godt prosjekt, både kostnadsmessig og teknisk, seier Astrup.

– Så du har ikkje meir pengar å kome med på denne gongen?

– Nei, svarer Astrup. Det han har på hjartet er at Høgre har klare og tydelege ambisjonar for vegbygging. Og regjeringsalternativet er mindre ambisiøse på dette feltet.

I tillegg til at Astrup er leiar i Transport og kommunikasjonskomiteen er han leiar i Oslo Høgre. Han har sett korleis det går med vegprosjekt når Ap kom til makta i byen og måtte samarbeide med m.a. MDG.

Bekymra ordførar

Anders Riise seier at som ordførar i Hareid er han bekymra for at landet får ny regjering, og at det då kan bli slutt på planleggingsmidlane til Hafast. Og får dei ikkje planlagt prosjektet godt, blir det skuve nedover på prioriteringslista til Nasjonal Transportplan.

Gunvor Ulstein nyttar høvet til å rose sitjande regjering. Dei var raske med å velje trasé for E39. – Me fekk kome til orde og dei valde å leggje vegen der folk bur, seier ho.

Ulstein og Sandli seier at Hafast har eit mål om å kome i gang med bygginga av fastlandssambandet i 2023, fram til det er det viktig å ha prosjektet klart. – Regjeringa skal ha honnør for å ha sett oss og kome med midlar, seier Ulstein og legg til at ho håpar og trur det i neste års statsbudsjett ligg ein god sum med pengar.

Gode vegar

– Det er ein misforståing at dårlege vegar er god miljøpolitikk. Dårlege vegar er dårlege vegar det. Gode vegar er viktige for verdiskaping, trafikktryggleik og eit godt liv for folk flest i kvardagen, seier Astrup og får støtte i resten av forsamlinga.

For å byggje ein god bu- og arbeidsmarknad treng ein gode vegar, meiner dei.