Teknisk utval vedtok i dag samrøystes at Høddmonumentet ikkje får stå i rundkøyringa ved Amfi Ulsteinvik. Hengjebjørka som kommunegartnaren har planta der skal få stå.

Alf Johan Antonsen, leier i teknisk utval, seier til Vikebladet Vestposten at det ikkje var nokon stor diskusjon på denne saka. Dei var samde i argumentasjonent il administrasjonen.

Heile vedtaket:

Teknisk utval kan ikkje gå inn for å plassere Høddmonumentet i rundkøyringa ved Amfi då utvalet meiner at eit monument for å heidre IL Hødd bør plasserast i tilknyting til Høddvoll stadion. Ved ei slik plassering vil monumentet vere med på å ytterlegare heve standarden på stadionanlegget og området i kring, understreke klubben si stolte historie knytt til Høddvoll og gje grunnlag for refleksjon over dette ved besøk på stadionområdet. Teknisk utval viser elles til at kommunen allereie har nytta ressursar på eit bjørketre og plantar i den aktuelle rundkøyringa.

Teknisk utval er positive til at kommunen vil koste arbeidet med fundament og sokkel til monumentet og sender denne delen av saka over til formannskapet.

Hødd-skulptur skal pryde rundkøyring