– Vi synest det er kjempekjekt å vere her, seier Saengduan Hansen, medan ho passar på at grillspyda ikkje vert svidde.

Ho fortel at ho har budd 28 år i Noreg.

Saman med systrene Saifon og Somchit har ho fått bodplass i hjørnet på Kulturallmenningen.

– Vi vil veldig gjerne vere med på denne festivalen, eg trur det er niande året på rad vi er her, fortel ho.

Lagar mat på dugnad

Og det er ikkje berre festivaldagane som er sosiale, fortel dei tre systrene. Også førebuingane er kjekke, for då sit dei i lag og lagar maten. I løpet av sommaren har dei laga til meir eit tusen grillspyd og like mange vårrullar.

Dei rigga seg til med telt og utstyr torsdag og blir verande til og med laurdag. Og korleis det går med salet..?

– Det går litt opp og ned, både grillspyd og vårrullar er populært. Men eg trur nok at vårrullar er litt meir populært, seier Saengduan.

Brukar feriedagar

Dei tre systrene er alle etablerte med familiar og jobb på Søre Sunnmøre. Saengduan jobbar i Pelagia Liavåg og bur på Hareid, Saifon bur i Volda og er reinhaldar på sjukehuset der. Somchit bur i Gursken og er reinhaldar på Myklebust Verft.

No under Trebaatfestivalen brukar dei feriedagar for å ha tid til å stå og selje mat.

– Det kostar ganske mykje, både kjøpe inn råvarer, bestikk, fat, saus, marinade og ikkje minst å leige bodplass. Eg trur ikkje folk flest skjønar kor mykje som trengst av førebuingar og innkjøp for å kunne stå her og selje grillspyd og vårrullar, fortel Saengduan.

Laurdag skal kassa gjerast opp. Då blir det klart om systrene har fått med overskot eller ikkje. Planen for eit eventuelt overskot er i alle fall klar:

– Dei pengane skal vi bruke på oss sjølve. Kjøpe fine klede og fine sko, ler dei.