I oktober skal det arrangerast ein interkommunal BandCamp i Eiksund. Målgruppa er ungdom i alderen 14-20 år som speler eller ønskjer å spele i band. – Målgruppa vår er ungdom som speler instrument på eit visst nivå. Vokal er også eit instrument, så dersom nokon syng, kan dei gjerne søkje om å få vere med. Målet vårt er at vi skal forme band, fortel initiativtakar Bertil Tødenes. Tidlegare har det ikkje vore noko liknande i vårt distrikt. – Eg trur det er mange ungdommar som har instrument, og mange som øver mykje. Ungdommen fortener eit slikt tilbod til inspirasjon og til å utvikle seg både individuelt og i samspel med andre, meiner Tødenes.

Bakgrunn

Bertil Tødenes som sjølv speler trommer, har vore med på liknande arrangement både som arrangør og deltakar andre stader i landet. Han har mellom anna vore medarrangør av Nordisk Slagverkfestival og "Drum Camp" med Lage Thune Myrberget. – Eg har tenkt at det hadde vore kjekt å få til noko liknande for band i vårt nærmiljø. Det er inga avgrensing at vi bur i Ulstein. Det finst mange toppfolk som har lyst til å kome hit som instruktørar, seier han. Tødenes har allereie vore i kontakt med fleire, deriblant Lage Thune Myrberget, Tarjei van Ravens og Botolf Lødmel. – Eg har fått ja med ein gong. Eg har ein del folk i mitt nettverk som er i musikkmiljøet, og difor har det vore lett å kontakte dei, fortel Tødenes. Ein del lokale krefter frå kulturskulane vil også vere aktuelle som medhjelparar under BandCamp.

Samspel i band

Hovudfokuset på BandCamp skal vere samspel i band. Dessutan vert det innføring i nokre teoretiske fag. Behandling av instrument og utstyr er også eit tema. Elevane skal delast inn i band, og kvart band skal ha øvd inn minimum to melodiar i løpet av campen, samt ha skrive eller komponert ein låt. Studio-opptak er ein viktig del av seminaret, og campen skal avsluttast med ein konsert. – Eg ser på BandCamp som ei kjempemoglegheit for ungdommane. Dei vil få god instruksjon og råd frå profesjonelle musikarar, og dei vil få verdifull studioerfaring, seier Tødenes.

Søknadsfrist

For å delta på BandCamp må ein søkje. Det er plass til mellom 25 og 30 deltakarar som etter planen skal danne fem band. Ein kan søkje individuelt eller som band. – Vi ber søkjarane om å sende inn ein kort søknad og ei lydfil. Dette ønskjer vi for å vite kva ferdighetsnivå deltakarane ligg på, slik at det vert lettare å setje saman band, forklarer Tødenes. Opptak skjer i perioden 15.august - 15.september. – Vi kjem mellom anna til å informere gjennom kulturskulane i dei aktuelle kommunane. I tillegg vil vi bruke heimesida til Eiksundbygda, og etter kvart håper vi å lage vår eiga heimeside, seier Tødenes.

Treng sponsorar

I tida framover vil dei også kontakte næringslivet i vårt område. – Sjølv om mykje av arbeidet under BandCamp skjer ved dugnadsinnsats, så kjem det til å koste ein del. Mellom anna skal dei profesjonelle føredragshaldarane ha betaling, fortel Tødenes som håper på at fleire vil sjå verdien i å sponse eit slikt arrangement.