22. juli klaga ein hyttenabo inn Jan Remmereit til Ulstein kommune. Grunnen var at han meinte Remmereit hadde sett ut ulovlege bøyer og blåser framfor ei flytebrygge, og at det førte til ulemper for naboane. Ulstein kommune sende to personar til Havågneset for å sjå på forholda. Dei fann fleire endringar på eigedomen som er i strid med tidlegare vedtak.

Fleire lovbrot

Alv Ottar Folkestad oppsummerer dei ulovlege handlingane til Remmereit i eit skriv: 1. I front av ei utlagd flytebrygge har det blitt lagt ut ei rekke blåser i god avstand til brygga. “Desse vil utan tvil vere til ulempe for båtbruk ved naboeigedomen.” I tillegg har det blitt lagt ut fleire rørleidningar i ei grøft. Det såg ut som at groper var bygd for nye konstruksjonsfundament. Då kommunen var på synfaring, var ein mann i gang med arbeidet. Dette har Remmereit ikkje søkt om. 2. I stranda på austre side av eigedomen såg representantane frå kommunen ferske spor etter ei gravemaskin. Fleire radikale endringar var gjort i strandsona. Arbeidet var gjort innanfor byggeforbodsona. 3. Det er gjort omfattande ombygging på hytta til Remmereit. A - Ytterveggane har fått ny kledning og nye vindauge. B - Takarealet er nytt og sterkt utvida. C - Det er bygd ei stor treterasse rundt heile hytta. Tiltak A kan klassifiserast som vedlikehald. Punkt B og C må det søkast om.

Ber Remmereit stoppe

Alv Ottar Folkestad skriv vidare at han ser på lovbrota som så alvorlege at det gir grunnlag for å be Remmereit stoppe arbeidet. “Det gjeld alt byggearbeid på hytta. Det gjeld faste konstruksjonar på landsida ved flytebrygga. Det gjeld inngrep og masseflytting i strandsona, og elles inngrep som gir varige og markerte endringar i strandnære område.

Polakkar i arbeid

Vikebladet Vestposten tok turen til Havågneset tysdag morgon. Då var Arne Runar Vik og Alv Ottar Folkestad frå Ulstein kommune nettopp ferdig med ei ny synfaring. Jan Remmereit var ikkje til stades, men Folkestad opplyste at dei hadde vore i kontakt med han for nokre dagar sidan. Då avisa gjekk ned til eigedomen til Remmereit, var tre polske arbeidarar i full gang med å bygge på hytta. Remmereit har då truleg ikkje tatt beskjeden frå Ulstein kommune alvorleg. Vikebladet Vestposten har prøvd å ringe Jan Remmereit, men han er ikkje å få tak i. Ulstein kommune opplyser at Remmereit var i Frankrike forrige veke, då Alv Ottar Folkestad snakka med han, men dei veit ikkje kvar han er i desse dagar.

Kan straffe Remmereit

Om ikkje Jan Remmereit stoppar arbeidet på Havågneset med det første, kan han bli straffa. – Det er fleire måtar kommunen kan gripe inn på dersom Remmereit ikkje respekterer påbodet vi har gitt han, seier Arne Runar Vik. Han er avdelingsleiar for plan og bygning i Ulstein kommune, og vikarierande teknisk sjef. – For det første kan vi på nytt ta kontakt med han og be han stoppe arbeidet. Det andre vi kan gjere er å involvere politiet, og eventuelt anmelde forholdet. Siste utveg er å gi han ei tvangsmulkt. Det er svært sjeldan kommunen går så langt. Sist vi gjorde det, gav vi ei bot på 50 000 kroner. Men det er vanskeleg å seie no kor stort eit slikt beløp vil kome på. Det kjem mellom anna an på om det er næringslivet eller ein privatperson det er snakk om, fortel Vik.

Det er ikkje første gong Jan Remmereit er i konflikt med Ulstein Kommune. Foto: (Arkivfoto)