12. august er det planlagt at Kystverket skal kome på synfaring til Flø fiskerihamn for å undersøke ei moloskade, og for å diskutere framtida til hamna. – Vi har teke manglane opp med kommunen, og ingenting har vorte gjort. Det skal verte spennande å sjå kva Kystverket seier, lurer leiar i interessegruppa, Roe Hauge. For ein månad sidan søkte ein båt naudhamn på Flø på grunn av vanskeleg forhold til havs. Men båten fekk også store problem inne på hamna, som følgje av den dårlege tilstanden moloen er i. – Den som ser Flø hamn og trur at denne kan brukast i naudtilfellet under storm, vert nok sørgjeleg skuffa, trur Hauge.

Dårleg frå dag ein

I følgje Hauge har moloen vore dårleg frå dag ein. Hovudproblemet er det sterke draget ut gjennom opninga, som lagar ustabile forhold inne på hamna på dårlege dagar. Derfor har det lenge vore diskutert kva som skulle gjerast for å utbetre. Eit forslag har vore å forlengje moloen mot sør, slik at innløpet kunne kome frå denne kanten, som ikkje vender ut mot det opne havet. – Dette er eit prosjekt vi var nøydde til å slå frå oss. Vi trur at Havnevesenet ikkje var spesielt interessert i denne løysinga.

Molo innanfor moloen?

Det forslaget det er knytt mest optimisme til, er å leggje ein ny molo innanfor den gamle for å skjerme småbåtane. – Det har vore mange diskusjonar og forslag til ymse løysingar, men den beste trur eg er ein molo i moloen, trur Hauge. Noko anna Kystverket skal vurdere er om den noverande fiskerihamna skal avhendast, det vil seie nedleggjast. I så fall vert Flø ei vanleg hamn. – Vi kan ikkje blande oss inn i dette. Det er ikkje vårt bu. Men uansett om vi vert verande ei fiskerihamn eller ikkje, så må moloen utbetrast. Den er ubrukeleg slik den er no, hevdar Hauge. Hauge kan fortelje at fleire som har båt på Flø har måtte flytte den til Ulsteinvik på grunn av dei dårlege forhold innanfor eigen molo. Noko som understrekar problemet.

Flø hamn slik Roe Hauge håper at den vert sjåande ut. Molo innanfor moloen med opning mot sør.
Flø hamn, med ei anna løysing på moloen inne i moloen. Hauge trur ikkje at bølgjebrytaren, som viser på teikninga, er nok.