Alvehaugen i Ulsteinvik er pynta til jul. Det ser ikkje ut som ein vanleg sjukeheim lenger. På dei ulike avdelingane er det pynta med juletre, julestjerner, sjuarma lysestakar og fine dekorasjonar. Mange av pasientane har vore på Alvehaugen også i jula. Ein av dei er Josef Ulfstein. Dette er andre året han feirar jul på sjukeheimen. – Eg har hatt det veldig fint. På julaftan fekk eg besøk av familien min. Vi åt ein nydeleg julemiddag saman, fortel Josef.
Krumkaker
Josef smiler når han tenkjer tilbake på julekvelden. Han sit på den faste plassen sin i daglegstova og ser ut vindauget. – Her er fin utsikt. Eg kan sjå heilt ut til Herøy, seier Josef i det han peikar med handa. På bordet står der ein boks. Den har ein merkelapp der det står:"Josef-krumkaker". Han har ete ein del småkaker i jula, men den tidlegare bakaren er ikkje i tvil om kva som er favoritten. – Krumkaker, kjem det med ein gong. – Har du baka sjølv? spør vi. – Nei, ikkje no lenger. No er det helst barna mine som bakar, seier Josef.
Barndomsminne
Josef mimrar tilbake til då han var liten. – Det var stor stas med jul. Julemiddagen var nok det aller viktigaste. Eg hugsar at ho mor brukte å pakke ribbene inn i klede, slik at dei skulle halde seg godt, fortel Josef. Dei hadde julegåver før også, men det var nok ikkje av eit slikt omfang som i dag. – Eg hugsar ikkje heilt kva eg ønskte meg, men eg hugsar godt at eg fekk ei bukse ein gong. Det var stas, mimrar Josef. – Kva fekk du til jul i år? – Eg fekk mellom anna ein ny genser, fortel Josef.
Julestemning
Dei tilsette ved Alvehaugen gjer sitt beste for å skape julestemning for pasientane. Gjennom heile desember har aktivitetskalenderen vore full. Det har vore lefsebaking, film, julepynt, musikk, Luciatog og anna julekos. Julaftan var ein ekstra spesiell dag. – Vi tek oss tid til å sette oss ned med pasientane. Vi prøver å lage det så likt som heime, fortel hjelpepleiar Astrid Skeide. Astrid jobba først 10 år på fødestova som tidlegare var i Ulsteinvik. Deretter har ho jobba 20 år på sjukeheimen. I løpet av alle desse åra har ho feira fleire julehøgtider på jobb. – Eg trur du får ein litt annan dimensjon på juleferinga. På den eine sida må du hjelpe dei som er sjuke og sengeliggjande. På den andre sida kan du feire med dei som er oppe og friske. På julaftan brukar vi å lese juleevangeliet og synge julesongar. Tradisjonell julemiddag høyrer også med, seier Astrid.