PR-komiteen for årets “Grand Prix” for 7.-klassingane i Ulstein lovar ein flott finale onsdag 2. juni. Frå v.: Katrine Mæhlum Pilskog, Hedda Skeide Røyset, Anna Brandal, Sofie Kvalsund-Grødahl, Katrine Voldsund og Kahin Ali. Foto: Leiv Arne Grimstad

- Arrangementet kom eigentleg i stand fordi alle vi som går siste året på barneskulen i kommunen skulle bli litt kjende med kvarandre før vi tek til på ungdomsskulen, fortel jentene i PR-komiteen.

Grand Prix handlar først og fremst om å dyrke og vise fram eit talent. Det treng ikkje vere berre song. I år står både song, dans, instrumentale innslag, rapping, turn, rytmisk gymnastikk, film og andre showinnslag på programmet. - Vi har om lag 25 innslag tilsaman, fortel PR-komiteen. Av desse er 14-15 frå Ulsteinvik barneskule, som også er tekniske arrangørar. Det betyr at dei har danna ulike komitear som skal ha ansvar for at arrangementet foregår på ein grei måte. PR-komiteen er berre ein av komiteane. Dei har også komitear til å pynte salen, til å ordne med lys og lyd - og ikkje minst komitear som har ansvar for å lage mat til deltakarar og publikum.

Det blir kåra ein vinnar. I fjor vann eit danseinnslag frå Haddal. Lærarane gir poeng, og dei som får flest poeng, vinn.

7.-klassingane har øvt på innslaga sine ei god stund alt, men no den siste veka før framsyninga øver dei kvar dag - også i skuletimane.

Programleiarar under Grand Prix er: Anna Brandal, Iver Vattøy, Tomas Håndlykken, Odin Mathias Mork, Mirlinda og Ingrid Blindheim.