Det heile starta som ei kjellarbedrift i Gjerdsvika i 1986. Stadt Automasjon satsa på produksjon av frekvensomformarar. I 2000 flytta verksemda til Ulsteinvik, og året etter vart Stadt Automasjon kjøpt opp av ABB for 80 millionar kroner. På det tidspunktet låg verksemda strategisk plassert i Ulsteinvik. Frå 1999 til 2008 steig omsetjinga frå rundt 20 millionar til 700 millionar kroner. I same periode steig talet på tilsette frå 15 i Gjerdsvika i 1999, til 55 tilsette i Ulsteinvik i dag. Gunnar Hide som er globalt salsansvarleg for offshorefartøy i ABB, trur det er fleire grunnar til den enorme veksten. – Samarbeidet med den lokale industrien har fungert veldig bra. Vi har hatt eit tett samarbeid med lokale verft og designselskap. Vi har skapt oss eit godt grunnlag lokalt. Etter kvart som verfta har vorte meir globale, har det også skapt ein positiv effekt for oss, fortel Hide. Hide legg også vekt på at dei har hatt ein lojal og stabil arbeidsstokk. Rusta mot finanskrisa Avdelinga i Ulsteinvik har eit globalt ansvar i ABB-gruppa for framdriftssystem til offshore forsyningsfartøy (OSV). – Marknaden har vore på vår side, meiner Hide. I 2001 vart det levert 14 totale frekvensomformarar. I 2008 vart det levert heile 140 frekvensomformarar. Direktør for forretningsområde Marine og turbolading, Odd Gunnar Kleppe, meiner ABB er godt rusta til å møte finanskrisa. – Eg meiner vi har ein ordrebackup som er veldig bra. Det verste som kan skje, er at det vert panikk i marknaden. Etter det vi veit no, så har ikkje offshoreindustrien vorte så hardt ramma, seier Kleppe. Vanskeleg å spå Over 150 elektriske framdriftssystem er i bestilling for levering innan 2010. – Eg føler meg ganske komfortabel med det vi har i ordreboka vår. Worst case – scenarioet er at vi får kanselleringar av den eksisterande ordreboka vår, seier visepresident for sal, Arthur Solvåg. Han trur det vert viktig å ha fokus på prosjektgjennomføring i tida framover. – Dersom du gjennomfører godt og leverer på tid, så kjem kundane tilbake, meiner Solvåg. Han seier det er vanskeleg å sjå inn i krystallkula og sjå kor framtida vil verte. –Vi er i ein periode no med uvisse, og ein del folk sit på gjerdet. Likevel trur eg det vil betre seg om ikkje så veldig lenge, håper Solvåg. Samla igjen I går vart ABB sine nye lokale på Stålhaugen i Ulsteinvik offisielt opna. Fleire samarbeidspartnarar tok del på opninga og julelunsjen. Administrerande direktør for ABB i Norge, Rune Finne, stod for snorklippinga. Han uttrykte at det var ei ære, og la ikkje skjul på at ABB er godt fornøgde med avdelinga i Ulsteinvik. Dei tilsette synest det er kjekt å vere inne i nye lokale. Tidlegare var dei spreidde på to ulike bygg. No har dei samla sal, prosjekt og service på eitt brett. Dei disponerer heile tredje og halve andre etasje i bygget. ABB har behalde dei gamle produksjonslokala for frekvensomformarar. – Det er kjempeflott at vi no er samla igjen. Det betyr at vi kan jobbe tett og godt i lag. Den daglege kontakten er viktig, og den er lettare å få til når ein er samla, seier Gunnar Hide.

Fire representantar frå ABB. Frå venstre: Gunnar Hide ? Globalt salsansvarleg for offshorefartøy, Odd Gunnar Kleppe ? Direktør for forretningsområde Marine og turbolading, Arthur Solvåg ? visepresident for sal, og Rune Finne ? Administrerande direktør for ABB Norge.
Administrerande direktør Rune Finne for ABB Norge klipper snora, assistert av Geir Holstad.