Salen var fylt til randa av skodelystne tilhøyrarar, og dette gav etter kvart høg temperatur i lokalet. Politikarane let seg ikkje merke med varmen, men heldt overbevisande innlegg etter beste evne.

Mange parti

Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet, Høgre, Kristeleg Samlingsparti, Framstegspartiet, Raud Valallianse, Arbeiderpartiet, Venstre og Sosialistisk Venstreparti hadde representantar på møtet. Dei fleste var lokale politikarar frå fylket, men leiaren i AUF sentralt, Martin Henriksen, hadde òg teke turen til Ulsteinvik denne dagen. Fyrst fekk alle deltakarane i debatten lov å presentere sitt partiprogram i korte trekk over tre minutt. Partirepresentantane tok opp tema som engasjerte ungdommen, slik som meir kulturtilbod, billigare og betre kollektivtrafikk, dyktigare lærarar og betre rådgiving på skulane, i tillegg til gratis skulemateriell og fritt skuleval. Dei fleste partia hadde stor semje om kva dei ynskte å tilby ungdommen, men det var vist til ulike måtar å nå måla på. Gratis skulemateriell var eit tema som vart grundig drøfta i panelet, før tilhøyrarane fekk høve til å stille spørsmål til dei ulike partiprogramma.

Engasjert publikum

Publikum, som hovudsakleg bestod av tredjeklassingar, hadde fleire spørsmål å kome med. Ferjeproblematikken i fylket, og retten til å kunne velje å gå på privatskule var det fleire som prøvde å setje politikarane til veggs på. Retten til sjølvbestemt abort vart diskutert med Kristine Røren i KS, og dette var eit spørsmål ho hadde rekna med kom til å komme. Ho og hennar parti tek sterk avstand frå abort, og meiner alt liv har "livets rett". Den evige kampsaka om nynorsk og bokmål - om sidemål skal vere valfritt eller ikkje, gjekk òg sin gang i salen og på scena. Avslutningsvis kom det spørsmålet som kanskje opptek ungdommen mest: Kva med fritidstilbod til ungdommen lokalt? Både RV og KrF kunne forsikre om at deira parti ynskte å styrke ungdomstilbodet på bygdene, slik at det skulle vere kjekt å vekse opp og stifte familie på heimstaden.

Mange lovnader

Politikarane kom med mange lovnader til dei unge veljarane, og tysdag er det venta at elevane skal ta del i eit skuleval. Der skal dei stemme på det partiet dei tykkjer har det beste partiprogrammet. Dette er ikkje eit offisielt val, men kan gi politikarane ein peikepinn på korleis dei har treft ungdomsmassene. Elevar Vikebladet Vestposten snakka med på gangen meinte ein slik paneldebatt var oppklarande og gav betre innblikk i politikken si verd. Ikkje alle deltakarane hadde overbevist tilhøyrarane: Ap, Frp og Høgre utmerkte seg som dei klart best førebudde og profesjonelle deltakarane, meinte ein gut som ynskte å vere anonym med tanke på det kommande valet.