Norges Jeger og Fiskeforbund ønskjer å ta med seg fleire born og unge på fiske og jakt. Mellom anna kan dei i Volda lokke med isfiske, revejaktkurs og kurs i å byggje si eiga fuglekasse. Foto: pressefoto

Tanken er at gode friluftslivsvanar må lærast. Gjennom eigne opplevingar blir grunnlaget lagt for ei livslang interesse for naturen. Denne vinteren/våren tar dei med seg tusenvis av born og unge med ut, på fiske, jakt, fuglekikking eller anna spanande i naturen.

Fram mot sommaren 2011 arrangerer dei heile 150 ulike tiltak for born og ungdom berre i Møre og Romsdal! Tolv av lokalforeiningane deira har bidrege med aktivitetar for dei yngste Her er isfiske, leirdueskyting, simulatorskyting, kultivering, revejaktkurs, trugetur, linefiske, bogeskyting, flugebinding, og mykje, mykje meir.

Innbyggjarane på Søre Sunnmøre kan speide etter tilbod i Volda, Vanylven og i Ålesund.