Ein noverande fritidseigedom er tenkt rive og ei ny hytte skal byggjast. Men før det kunne skje var det ønskeleg å undersøkje om ei eventuell utbygging kunne kome i konflikt med automatisk freda kulturminne. Om ei planlagd utbygging kjem i konflikt med automatisk freda kulturminne, må det søkjast om dispensasjon frå kulturminnelova. Ved ei slik "frigjeving" må tiltakshavar dekkje utgiftene for dei arkeologiske granskingane. Det vart grave 18 prøvestikk i jorda på tomta. Det er ein metode som gjerne blir brukt når det er forventa å finne fornminne frå steinaldertida. I det eine holet var det funne flint. Dette funnet kan stamme frå den eldre steinalderen. I tre hol vart det funne kol, noko som kan tyde på menneskeleg aktivitet som bålbrenning i forhistorisk tid. Men arkeologen finn det ikkje sannsynleg at flintfunnet og kolfunna har nokon samanheng med kvarandre. Ho konkluderer med at bygging av ei ny hytte kan kome i konflikt med automatisk freda kulturminne, men er avhengig av resultat frå dateringsprøven først for å trekkje ein sikker slutnad. Fylkesarkeolog Øyunn Kleiva kan opplyse til Vikebladet Vestposten at dei har sendt inn ein dispensasjonssøknad til riksantikvaren om å la tiltakshavar få byggje, til trass for at der er påvist fossilt dyrkingslag. Kleiva meiner det er god grunn til å tre at dei får dispensasjon.
Nyhende →
Arkeologiske funn i Selvåg
I samband med ein privat reguleringsplan er det gjennomført arkeologiske registreringar i Selvåg.