Det har vore ein del fram og tilbake om Holm Invest skulle få løyve til å oppføre eit takbygg på Sjøgata 55 i Ulsteinvik (bygget som Kaffibaren held til i). Tiltaket gjeld ein inntrekt femte etasje som skal vere ei utviding av leilegheitene i fjerde etasje i bygget. Det siste vedtaket som teknisk utval i Ulstein kommune gjorde var å ikkje gje dispensasjon frå reguleringsplanen til tiltaket. Dette vedtaket vart påklaga av Holm Invest AS. Men utvalet valde å stå på sitt, såleis vart saka oversendt fylkesmannen i Møre og Romsdal, som er klageorgan. Holm Invest skriv i brev til fylkesmannen at det er merkeleg at dette bygget ikkje skal få dei same dispensasjonane som både nabo og fleire andre nærliggjande bygningar har fått. Men etter det fylkesmannen kan sjå er det ikkje grunnlag for å endre kommunen sitt vedtak. Han ser det slik at kommunen har lagt vekt på saklege omsyn ved vurderinga av det aktuelle tiltaket. Fylkesmannen kan ikkje sjå at det er drive usakleg forskjellsbehandling.