Laurdag ettermiddag ringde ei kvinne frå Moltustranda og kunne fortelje at postkassa hennar hadde brent opp. Truleg er det nokon som har putta fyrverkeri i postkassa hennar og tent på, så har det heile teke fyr. Det er ikkje kvar dag kvinna hentar post, så det er uvisst kva dag dette har skjedd. Men kvinna vurderer å melde ugjerninga.

Påkøyrd av gul bil

Sundag morgon vart politiet kontakta av ein mann som sa han hadde blitt påkøyrd av ein liten gul bil, truleg ein Opel. Den gule bilen kom over i motsett køyrefelt og sneia sidespegelen på motgåande bil så han mista spegelen sin. Den gule bilen køyrde berre vidare. Mannen som melde påkøyringa reknar med at den gule bilen òg miste sidespegelen sin. Politiet oppmodar folk som ser ein liten gul bil utan sidespegel om å ta kontakt med dei. Påkøyringa skal ha skjedd på Hareid, og den gule bilen køyrde i retning Ulsteinvik. Elles melder Politisentralen om at dei har hatt ei roleg helg.