Lars Hustad, avdelingsleiar i Hareid kommune, seier at behovet for kaiplassar har vore svært varierande dei siste åra. Akkurat no synest det å vere større enn på lenge - og kommunen har dermed fått ein del spørsmål om kor vidt det kan la seg gjere å bygge fleire kaier. I dag er der ei kai på søre molo og tre på nøre molo. Men det er berre kaia på søre molo som er klart definert som fiskerikai. Den synste kaia på nøre molo er ei allmenningskai, medan dei to andre kaiene her har ein heller diffus status. Kaidefinisjonen har først og fremst med djupna å gjere. Kommunen har også ei kai inst i Liavågen. Den offentlege Alvestad kai er derimot underlagt strenge restriksjonar og er ingen aktuell liggeplass for den lokale floten. Om eventuell kapasitetsutbygging seier Hustad at det er god plass til fleire kaier på indre molo. Det kunne også vere ein tanke å bygge saman dei tre kaiene på ytre molo. "Problemet" er at Hareid hamn er ei fiskerihamn. Ei vidare utbygging av kaikapasiteten må dermed skje gjennom Kystverket. Hustad vurderer kostnaden ved å bygge ei ny trekai til å ligge mellom 1 og 2 millionar kroner. Der er også ei femte kommunal kai i hamna - ved biloppstillingsplassane til ferja. Men dette er meir ei "pyntekai" og uegna til å ha båtar ved. Men kommunen har merka seg at der blir lagra vegn, eit uttrykk for at fiskeriaktørane manglar lagringsplassar. Skal Hareid vinne tilbake posisjonen som fiskerikommune, må fiskerihamna kunne ta imot dei som vil drive fiskeri. Då må også tilgangen på kaiplassar og sjøhus vere på plass. Kven skal ta initiativ? Mange ser behovet for ei utbygging, men så økonomisk pressa som kommunen er, synest det vanskeleg å tenke seg eit kommunalt initiativ - med mindre eit politisk parti vil flagge saka. Då er det meir naturleg at brukarane av hamna sjølve set i gang ein prosess som i neste omgang kan få både kommunen og Kystverket på bana.