Det vart eit langt ordskifte om skjenking og alkoholpolitikk på kommunestyremøtet før dei vedtok rammene for skjenkeløyvet til Quality Hotell Ulstein. Det kom mange innspel på kva som måtte med og ikkje, men til slutt fekk dei samla seg om eit vedtak. Framstegspartiet markerte seg i denne saka ved at dei ville gje hotellet skjenkeløyve på brennevin utandørs. Dette fekk dei med seg Arbeidarpartiet på og ein frå Høgre. Til saman vart det ni røyster, og framlegget fall. Gry Dimmen frå Senterpartiet ville ha med i vedtaket at kulturtilskipingar i kommunal regi i kulturhuset skal vere alkoholfrie. Med dei to røystene til SP, to til SV og fire frå KrF fekk framlegget berre åtte røyster og vart såleis ikkje vedteke.