Vi er på tampen av den tredje veka i januar 2007, og ordførar Hannelore Måseide i Ulstein har overraska oss: Ho vil likevel stille som Ap-ordførarkandidat til valet i haust. Etter sommarferien i fjor varsla ho valkomiteen om at ho ikkje såg for seg ein ny periode i ordførarstolen. 64-åringen ville sleppe yngre krefter til. Men villige og eigna kandidatar veks ikkje på tre. Måseide kom etter kvart på andre tankar, og denne veka annonserte ho sitt kandidatur under eit partimøtet der nominasjonen stod på sakskartet. Det er ingen tvil om at avgjersla kan sette frisk farge på valkampen i Ulstein. Arbeidarpartiet vil kunne vise til den eventyrlege utviklinga som Ulstein har opplevd under Måseide som ordførar. Men der ligg ingen raud løpar langs vegen fram til ein ny periode. Først og fremst vil Måseide bli utfordra av Frp og ordførarkandidat Knut Erik Engh. Ulstein Frp lanserte Engh i midten av desember. Han toppar ei liste med fleire nye, gode namn - som Bjørnar Kleiven (3) og Cecilie Brungot (7). Frp-kometen frå denne perioden, Lill Marit Baade er på plass som nummer to på lista, medan veteranen Nils Einar Garnes har femteplass. Med rikspolitisk vind i segla er det ikkje usannsynleg at Frp kan kome til å gjere eit så sterkt val at partiet vil få fleirtal saman med Høgre. I så fall vil det vere duka for eit historisk regimeskifte i Ulstein - med Knut Erik Engh i ordførarstolen. No er ikkje Høgre ferdig med sin nominasjonsprosess; partiet leiter etter den rette kandidaten. Kanskje endar det med at tidlegare ordførar Jan Berset igjen kastar seg ut i det - som partiets ordførarkandidat? Kan vi i så fall tenke oss ein alternativ koalisjon mellom Høgre og Ap? Neppe. Vi tviler på om såra i Høgre har grodd etter det som skjedde på oppløpssida framfor konstitueringa for fire år sidan. Då sat Jan Berset & co og venta - i god tru - medan Ap, KrF, V, Sp og SV fordelte posisjonane seg imellom. Ein skuffa Jan Berset måtte gi frå seg klubba, medan Hannelore Måseide tok plass i førarsetet - med Olav Sæter (KrF) som varaordførar. For Måseide vil det også melde seg ei anna utfordring: Klarer ho å halde den breie koalisjonen sin samla? Kan det tenkjast at KrF eller Venstre vil skifte side. Kva med Senterpartiet; føler Gry Dimmen & co at dei har fått nok gjennomlag under det noverande regimet? Det har ikkje vore mykje usemje i dei store sakene i Ulstein kommunestyre denne perioden. Kan det likevel tenkjast at der er ein viss slitasje under overflata? Kan det tenkjast at nokon innimellom har kjent seg overkøyrde? Det kan tenkjast, for det har gått fort i svingane i Ulstein sidan 2003. Kommunen har framstått som ekspeditt og med ein handlekraftig ordførar i spissen. Nokre av representantane murra undervegs i prosessen med den såkalla “Tre-i-eitt-saka”. Klarast kom dette til uttrykk då trekløveret Lill-Marit Baade (Frp), Gry Dimmen (Sp) og Viviann Roppen (SV) i mai 2005 samla underskrifter med krav om at hotell- og kulturhussaka skulle takast opp igjen. Dei var alle tre skeptiske til den kommunale pengebruken. Nettopp her - i spørsmålet om kommunal bruk av pengar på område som kommunen strengt tatt ikkje treng bry seg med - ligg det an til å bli konfrontasjonar mellom Hannelore Måseide og Knut Erik Engh. Så langt vi kjenner Frp, vil partiet neppe ha sans for offensiv kommunal ressursbruk på område som kultur. Etter vår vurdering har likevel kultursatsinga i Ulstein både vore viktig og nødvendig. Kommunen har gått inn som pådrivar og arrangør og invitert publikum til konsertar med kjende aktørar - og stått bak andre fine kulturopplevingar. Dette er eit viktig bidrag for å gjere Ulstein til ein attraktiv kommune. Derfor er det ikkje unaturleg at partia avklarer synet sitt på denne satsinga under haustens valkamp. * Det er altså vår vurdering at Hannelore Måseide har sterke kort på handa i og med det kommunale engasjementet for å stadfeste rolla til Ulsteinvik som regionssenter. Men ho har også pådrege seg eit par riper i lakken undervegs. Den mest alvorlege feilvurderinga var ideen om å oreigne grunn til utvidinga av kjøpesenteret på Brattøra. Vil dette hefte ved Måseide under valkampen? I så fall vil det også hefte ved dei andre som ivra ukritisk for ekspropriering. Måseide kan derimot styrke posisjonen sin som ein ordførar for alle om ho gjer dei rette grepa. Mellom anna vil ho kunne polere ombodsrolla si ved å seie farvel til styreverva ho har – til dømes i Ulstein Eigedomsselskap KF. Vi har teke opp dette på prinsipielt grunnlag i denne spalta tidlegare: Vi meiner det er uheldig at ein ordførar skal kunne møte seg sjølv i døra med uforeinlege hattar på hovudet. Har du vore med på å køyre fram ei sak i eit eller anna styre, vil det vere umogleg å sitje som appellinstans på ordførarkontoret når dei som kjenner seg råka av styrevedtaket, bankar på døra. Vi trur ordføraren i Ulstein er i ferd med å tenkje gjennom dette forholdet. Konkluderer ho som vi håper, vil ho kunne setje dagsorden i fleire kommunar i regionen. For der sit mange ordførarar i diverse styre rundt om. God helg!