No har Teigene sendt både eit ope brev og dei vel 500 underskriftene vidare til Samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal. Dei som har skrive under på oppropet er pendlarar, skuleelevar og andre reisande som er avhengige av snøggbåten i arbeidet sitt. Snøggbåtsambandet Hareid, Valderøy, Ålesund er konkurranseutsett. Tilbodsfristen går ut fredag 24. august, og anbodsopninga er sett til 28. august. Då har samferdselsavdelinga i fylket fått underskriftene og brevet på bordet. Aksjonen får bli mitt bidrag i valkampen. Eg likar best å jobe med praktisk politikk, kommenterer Teigene, som er medlem i Hareid Høgre. Bodskapen til dei som har skrive under på oppropet er at snøggbåten Hjørungavåg ikkje må bli erstatta av mindre båtar. Dei viser til at dei som brukarar av snøggbåttilbodet mellom Hareid, Ålesund og Valderøy har ei klar oppfatning og erfaring med storleiken på båtane som trafikkerer dette strekket. Teigene viser blant anna til Norsk los sine register over bølgjehøgdene i Breisundet, og tabellar som syner at dei til tider kan vere svært store. Vi meiner at dette er faktorar som absolutt må få konsekvensar for val av fartøy på alle avgangar, står det i oppropet. Kravet til pendlarane er at det på den harde verkstrekninga må vere snøggbåtar som er så store at dei kan gå i så å seie alt slags ver. Båtane må vere på minimum 35 metr. Pendlarane kan ikkje leve med den usikkerheita som små fartøy vil føre til. I periodar når det har vore innsett mindre snøggbåtar på strekket, har pendlarane fått erfare at også tryggleiken har blitt svekka fordi dei som båtane ikkje har nok lagerplass til reisegodset. Harald Teigene opplyser at MAFOSS (Maritim Forening for Søre Sunnmøre) også støttar aksjonen deira. MAFOSS ved dagleg leiar Svein Rødset kom med innspel til Samferdselsavdelinga i samband med høyringsrunden i vår. Og foreininga har også seinare i vår sendt brev til alle medlemene i Samferdselsutvalet. Der har dei mellom anna peika på at første båt frå Hareid må korrespondere med første flyavgang frå Vigra, og at siste avgang frå Valderøy må korrespondere med siste innkomne rutefly alle dagane i veka. Men dei har også peika på at båtane må vere så store at dei er pålitelege i nesten all slags ver. Jakob Strand frå Herøy er medlem i Samferdselsutvalet. Han opplyser til Vikebladet Vestposten at utvalet tek sikte på ei første drøfting av saka under anbodsopninga 28. august. Eg har full forståing for kravet om stor snøggbåt. Dagens tilbod er eit absolutt minimum. Etter mi meining bør stor snøggbåt på den første morgonruta vere eit absolutt minimum, kommenterer Strand, som representerer Sunnmørslista i utvalet.