Det var ein energisk og opplagd partiformann som kom til Hareid. Siv Jensen har lett for å få kontakt med folk, og i det opprigga teltet på loket i Hareid sentrum fekk ho rungande applaus kvar gong ho kom med klare løfte og gode formuleringar. Bodskap nummer ein for Framstegspartiet er ei betre eldreomsorg. Jensen fortalde ei historie frå den danske sjukeheimen Tyra, der nytilsette Lotta ville finne ut kvifor pasientane vakna klokka 04.00 kvar morgon. Ho fann ut at dei vart proppa fulle med sovemedisin kvar kveld klokka 19.00. Klart dei vakna klokka 04.00. Då sovemedisinen vart tatt bort, og pasientane fekk bestemme sjølve kva tid dei ville legge seg, vakna dei seinare. - Det er mykje betre å erstatte sovemedisin med Baileys og cognac, smilte Siv Jensen - og fekk dagens kraftigaste applaus. Lovfesta rett til sjukeheimsplass den dagen folk treng det, er ei sak Framstegspartiet vil kjempe for. For ein månad sidan stemte Arbeidarpartiet imot dette forslaget, men no har valkampen starta, og plutseleg seier dei ja, hevda Jensen. Ho peika på at i dag skuldar kommunane på dårleg økonomi når folk ikkje får dei tenestene dei har rett på innan pleie- og omsorg, medan staten skuldar kommunane for å ha for dårleg kontroll på økonomien. Med på valkampturen til Hareid var også stortingsrepresentant Harald. T. Nesvik frå Ålesund. Han sit i helsekomiteen på Stortinget, og hugsar godt at han saman med no avlidne John Alvheim for nokre år tilbake var på Hareid for å sjå på eldreomsorga i kommunen. På den tida hadde Hareid ei svært godt utbygd heimebasert omsorg, og Alvheim utropte Hareid til eit mønsterbruk, fortel Nesvik. - Det kan vi dessverre ikkje skryte av lenger. No har vi lite å vere stolte av, repliserte Oskar Grimstad. Både Jensen og Grimstad meiner det blir viktig for Hareid å byggje opp att ei god heimebasert omsorg. For dei fleste vil bu heime lengst mogleg, meiner Jensen. Men kva er den økonomiske resepten for å få dette til? - Det handlar om å prioritere, svarar Grimstad. Han meiner det i Hareid har vore ein del økonomiske feilprioriteringar dei siste åra. Blant anna at det er brukt for mykje pengar på utbygging ved Hareid ungdomsskule, og det har vore feilaktige plasseringar av Tussa-verdiane. - Og så er det mykje å hente på å slanke administrasjonen og byråkratiet i kommunane. Det vil frigjere masse pengar, la Jensen til. Ho avviste blankt at det er nokon motsetnad mellom lovnadene om skattelette og ei betre eldreomsorg. Ved å ta bort byråkratiet, vil kapital bli frigjort. I inneverande periode har Framstegspartiet 13 ordførar rundt om i landet. Ifølgje Jensen var 8-9 av desse kommunane på den etter kvart så kjende Robek-lista, ei liste der kommunar med store betalingsvanskar kjem. I dag er det berre to av Frp.-kommunane som er på lista. - Vi tek det som eit bevis på at Frp. fører ein ansvarleg økonomisk politikk, seier Jensen. Hareid kommune er framleis på Robek-lista. - Vi må snarast kome oss ut av denne lista, og begynne å legge opp reservar til eldreomsorg og skule, repliserer Grimstad.