Hareid kommune har i eit års tid betalt 22.800 kroner i leige for verkstadbua på indre Hareid. Men det har vore forholdsvis liten aktivitet i mekkeklubben, og framdrifta på restaureringa av lokalet har vore heller laber. For ei tid tilbake skreiv Jon Gjerde (Ap.) brev til kommunen, der han varsla at han angra på at han hadde stemt for vedtaket om at kommunen skulle leige bua til Mekkeklubb. Ho eigar seg ikkje for nokon mekkeklubb. Då er det betre vi tilbyr klubben nedste del av Alvestadbua, som vi eig sjølve. Då slepp vi i alle fall å betale husleige. Desse argumenta tok han opp att i Hareid formannskap torsdag. Fungerande ordførar Willy Nesset (Tvp.) kunne opplyse at det no var framdrift i mekkeklubben. Ungdomane har begynt å rydde. Nesset signaliserte at han ville støtte framlegget frå rådmannen, om at Mekkeklubben framleis skal vere i verkstadbua på indre Hareid. Kjersti Røyset Topphol (KrF.) meinte heile saka hadde utvikla seg til å bli underleg. Ikkje berre diskusjonen om plasseringa, men sjølve mekkeklubben også. Det er vaksne ungdomar på over 20 år som er der. Skal kommunen betale for noko som dei ikkje brukar? spurde ho, og la til at klubben burde vere eit tilbod for yngre mekkarar. Oddbjørn Grimstad, områdeleiar for kultur, opplyste at då han tok til i stillinga fjor haust, tok han kontakt med representantar for mekkeklubben. Dei opplyste at årsaka til at det ikkje var gjort noko særleg restaureringsarbeid, var planane om eit leilegheitskompleks i same området. Men like før jul hadde Grimstad fått signal om at mekkeklubben likevel hadde bestemt seg for å satse meir. Vi bør gje dei litt henstand ut over våren. Det er ikkje sikkert kommunen har vegleia dei nok, svara Grimstad på spørsmål frå formannskapet. Mot ei røyst (Jon Gjerde Ap.) vedtok formannskapet at Mekkeklubben framleis skal ha tilhald i verkstadbua på indre Hareid. Men på forslag frå Kiristi Røyset Topphol føya dei til eit tillegg om at formannskapet innan juni i år vil ha ei orientering om framdrifta til mekkeklubben.