Å få til ein reguleringsplan som tek omsyn til alle sine interesser er ikkje lett. No har teknisk utval i Ulstein samla seg om to alternative framlegg til ny reguleringsplan for skuleområdet og bort til Reiten. Planane blir lagt ut til offentleg høyring.
Dei gode naboane Else Marie Nygjerde, Bergljot Skarbakk Hareide, Annlaug Sundal, Jan Kristian Skeide og Solveig Moldskred protesterer mot alternativ 3 til reguleringsplan for skuleområdet. Med det alternativet får dei bilvegen like rundt husveggene sine.