Den norske kyrkja er blant budsjettvinnarane i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2011.

Løyvingane til Kyrkja blir foreslått auka med 158 millionar kroner i alt. Dette svarar til ein auke på 10,9 prosent samanlikna med det salderte budsjettet for 2010.

– Eg er glad for å kunne presentere eit historisk godt kyrkjebudsjett. Pengar til trusopplæring, fleire prestar og pengar til å gjennomføre kyrkjevala på ein god måte, vil setja kyrkja betre i stand til å møte dei mange aktuelle utfordringane, seier kyrkjestatsråd Rigmor Aasrud.

Val og opplæringDei kyrkjelege vala er ein viktig del av kyrkjeforliket og demokratireforma. Kyrkjevala vil i 2011 få ei økonomisk ramme på same nivå som i 2009, som vil seia over 70 millionar kroner.

Også trusopplæringa blir tilgodesett i neste års budsjett. Regjeringa foreslår å trappe opp reforma med ytterlegare 27 millionar kroner, slik at det totale tilskotet blir på nesten 200 millionar kroner. Dette svarar til den største årlege løyvingsauken sidan reforma vart innført. Kirkerådet skal avgjera korleis pengane blir fordelte.

Fleire prestarOg for første gong på mange år er det lagt inn 5 millionar kroner til nye prestestillingar i statsbudsjettet. Dei nye stillingane er særleg tiltenkt dei områda av landet som i dag har relativt låg prestedekning i forhold til talet på kyrkjemedlemer. I første rekke gjeld det bispedømma Borg og Stavanger.

VedlikehaldKyrkjebygga representerer ein viktig del av den norske kulturarven og har mykje å seia for mange lokalsamfunn. Frå 2005 og fram til i dag er investeringane i vedlikehald og rehabilitering i kyrkjebygga kring i landet meir enn tredobla.

I statsbudsjettet for 2011 blir det foreslått at investeringsramma under rentekompensasjonsordninga blir utvida med 400 millionar kroner. (©NPK)

Foto: Ingvild Aursøy Måseide