Sist måndag - etter eit kraftig og vedvarande regnver - gjekk SSR-bossbilen gjennom vegen - og det vart avdekt ein underjordisk "innsjø" på ca 2,5 x 1,5 meter. Lars Hustad ved teknisk etat i Hareid fortel til lokalavisa at dei nesten har følt seg som arkeologar i arbeidet med å finne ut kva som er årsaka til utholinga. - Då vi spylte holet avdekte vi ei gamal drensleidning som var delvis knust og full av småstein og grus. Vatnet rann på utsida av henne. Denne drensen finn vi ikkje på kommunen sine kart. Det er snakk om 9-toms rør som er ute av produksjon for lengst. Men då vegen vart asfaltert for ikkje så lenge sidan var der ingen indikasjonar på at noko var gale. Kommunen sine folk har også vore på jakt etter ei gamal leidning som gjekk ned til den gamle elektrisitetsverksbygningen på Hareid og som no skal vere "knust ned". Men truleg har ikkje lekkasjen noko med denne å gjere.

Det store holet i vegen kjem truleg av ei øydelagd drensleidning.