Hareid-skjerfa var populære i Stavanger sist helg.

Kristian Angelsen, styremedlem i Hareid IL si fotballgruppe, var i Stavanger sist helg - og såg bl. a. kampen Viking-AaFK. Med seg nedover hadde han ti Hareid-skjerf, som han prøvde å selje til Viking-supporterane.

Dei gjekk unna som varme kveitebrød. Alle ti skjerfa vart selde - og i ettertid angrar Kristian på at han ikkje tok med seg fleire. I følgje Hareid IL si nettside var Viking-supporterane “heilt galne” etter skjerfa. Kanskje fordi trenaren deira kjem frå Hareid og heiter Åge Hareide?