Ståle Remøy

Desse to fartøya kjem i tillegg til dei fire av same design som vart bestilt i desember 2011. Dei seks fartøya World Wide Sypply har bestilt hos Damen Shipyards Group, har ein verdi på i overkant av 1,1 milliardar kroner.

Dei to nye fartøya vil bli levert frå eitt av Damen sine verft i Holland i november og desember 2013. Som dei fire første vil også desse to fartøya blir drivne av det norske reiarlaget, Remøy Management.

– Vi er godt nøgd med at World Wide Supply har fått bestilt to fartøy til med Damen av denne moderne designen. Med det spesielt utvikla forskipet med baugen (”Wave Piercing Bow”) og dei slanke linene, vil desse skipa oppnå ekstra god fart i transitt med eit lågt drivstofforbruk og god komfort for dei tilsette. Bustaddelen i skipa er utvikla ut frå strenge krav til reduksjon av støy som også betrar komforten og igjen tryggleiken for mannskapet om bord, fortel Ståle Remøy, reiar og adm.dir. i Remøy Management AS, og han held fram:

– Vi har stor tru på desse nye skipa, og vi ser fram til igjen vere tilbake i offshoremarknaden.

Sydvestor i Ulsteinvik har også for desse to fartøya hatt ei sentral rolle som tilretteleggar av prosjektet og som finansiell rådgivar for World Wide Supply.

The Damen PSV 3300 CD er eit nytt skipsdesign utvikla i tett samarbeid mellom verftet, reiarlaget og operatøren. Fartøyet er 80,10 m langt og 16,20 m. breitt med 735 kvm dekksareal og ei dødvekt på 3300 tonn. Skipet har eit to propellars dieselelektrisk framdriftssystem på 4600 kW. som gir 13,7 kn. fart. Innreiing er for eit mannskap på 22. Fartøya blir bygd og godkjent i samsvar til regulativa til Loyd`s Registre, men er også i samsvar til DNV NAUT-OSV (A) og CLEAN DESIGN. Fartøya vil også oppnå nemninga ”Green Passport”.Om selskapa: World Wide Supply AS er eit nyetablert reiarlag lokalisert i Ulsteinvik, Møre og Romsdal som er senter for den norske klangen for teknologi til offshore service skip. Selskapets fokus er industrialisert shipping innan medium store PSV`s, og det er eigd av internasjonale og nasjonale investorar med bakgrunn frå offshore industrien.Remøy Management AS er eit vel etablert reiarlag lokalisert i Fosnavåg som også er ein del av senteret for den norske klynga innan offshore serviceskip. Remøy Management var tidlegare sterkt involvert i forsyningsskipsmarknaden, men har nyleg konsentrert verksemda si om eigarskap og drift av kystvaktfartøy for den Norske stat. Med driftsavtale for desse 6 skipa reetablerer Remøy Management seg i forsyningsskipsmarknaden.