Kristian Fuglseth er ordførarkandidaten til Folkelista for Hareid kommune. Elles har lista ein del kjende namn, men Dag Audun Eliassen og Hallgeir Teigene gir seg for denne gong.

– I toppen av lista får vi friske krefter frå Kjetil Nesset og Marianne Overå. Ingunn Pettersen er på fjerdeplass, og har vore medlem av levekårsutvalet og kommunestyret denne perioden. Marianne Overå har hatt ei pause frå lokalpolitikken, men har erfaring frå kommunestyret og levekårsutvalet som tidlegare Arbeidarparti-representant. Kjetil Nesset frå Hjørungavåg har vore engasjert i mellom anna skulestruktursaka i Hareid, og arbeidar i dag som administrerande direktør i Vik Ørsta.

Spennande periode

– No går vi inn i ei spennande periode der vi skal diskutere mellom anna reform. Då er det om å gjere å ha is i magen. Det er ikkje sikkert dei smartaste løysingane har kome godt nok fram enno. Ansvaret til politikarane blir i alle fall å sikre at innbyggarane får gode tenester der dei bur. No er reforma førebels berre lause trådar.

– Det viktige er at Hareid kommune er ei god kommune å bu i, og det vi Folkelista arbeide vidare med.

Sterke krinsar

– Folkelista er styrt av dei lokale sakene, og står fritt til å stemme slik det er best for innbyggarane i Hareid, og ikkje låst av dei sentrale partiprogramma, kommenterer Kjetil Nesset.

– Folkelista er framleis opptekne av gode skular i alle fire krinsane. Hareid kommune er ei sterk og veldig bra kommune, og då må vi ta i bruk heile kommunen og ha levedyktige krinsar, understrekar Nesset.

Han seier vidare at Hareid kommune har eit voldsamt potensiale i vidare næringsutvikling, og legg til at ein må passe på at dei unike areala med tilkomst frå både land og sjøen vert nytta til vidare utbygging, vekst og arbeidsplassar for framtida.