Ferske målingar viser at spora i Hjørungavågvegen fleire stader er over fem cm djupe. No krev industri og trafikantar handling.

- Vi fryktar kva som kan skje, seier Åge Bigset ved Spenncon, Rune Hoddevik på Pelagia og Hjørungavåg Transport-sjåføren Kjell-Borger Østlund, som i lag med næringssforumleiar Rakel Dyrhaug meiner det er på høg tid at det blir sett inn tiltak. – Slik tilstanden no er, er det berre eit tidsspørsmål før det smell neste gong, meiner dei.

- Politikarane må ha nullvisjon når det gjeld ulykker, meiner Åge Bigset. – Trygge vegar er det viktigaste som er.

Vegen mellom Hareid og Hjørungavåg fører kvart år 200.000 tonn med betong, stein, fisk og anna i året. Slitasjen er stor. I tillegg kjem at vegen generelt er for smal, noko som særleg er med på å skape farlege situasjonar i svingane. Vegen manglar også lys og er dårleg merka.

Ikkje rart at strekninga toppar ulykkesstatistikken i kommunen.

Med tre djupe spor, eitt på kvar side og eitt i midten, kan det fort oppstå  vassplaning, og på vinterføre kan det vere lett å miste kontrollen.

- Sett ned fartsgrensa frå 80 til 60

Dei fire meiner at det viktigaste strakstiltaket er å få redusert fartsgrensa frå 80 til 60 km i timen på strekninga frå Slettebakk-krysset i Overåstranda og innover langs Liavågen. Mindre fart vil i det minste redusere skadeomfanget når noko skjer.

Men samtidig må vegen både få nytt toppdekke – og det må kome ei breiddeutviding. I dag manglar vegen skuldrar.

- Det har gått med nokre speil på denne vegen, ja. - Det er ingenting å gå på,  seier trailersjåfør Kjell-Borger Østlund.

Ja, vegen er så smal og trafikken så tung og farleg at dei fire frårår på det sterkaste at folk joggar, trillar barnevogn eller syklar der. Dei fortel at dei alltid ber gjestane sine om å bruke gamlevegen dersom dei skal gå eller sykle ut til Hareid.

Fin, men farleg badestrand

Rakel Dyrhaug nemner også at den ulykkesutsette strekninga har den vakraste badestranda i regionen – og er ein svært populær utfartsstad på fine sommardagar med mange mjuke trafikantar. At bilane må krysse vegen her, er sjølvsagt eit risikomoment i seg sjølv.

- Her burde absolutt kome både ein undergang og eit gangfelt, meiner ho.

Dessverre er også dei andre avkøyrslene på vegen av ein slik art at dei kan skape  farlege situasjonar.

- Vi skal også hugse på at dette er ein veg som skal tene eit industriområde område som i framtida skal bli endå større, seier Dyrhaug. - Utan ein skikkeleg infrastruktur går det ikkje.

Vegen frå Hareid sentrum til Hjørungavåg er fylkesveg, men frå krysset i Liavågen, rundt vågen og ut til bedriftene på sørsida er vegen kommunal.

I vinterhalvåret burde elles salting vere obligatorisk, meiner dei fire. Og då meiner dei fast salting, ikkje berre no og då. I tillegg til at kommunen strør sand på sitt ansvarsområde rundt Liavågen.

Folk bør også vite at ein trailer med opptil 50-52 tonns last – og dei er det mange av – har mykje lenger bremselengde enn mindre bilar.

I tillegg til Spenncon og Pelagia er det mykje trafikk frå dei tre selskapa som har knuseverk i området; Norberg, Brekke & Kleppe og Graving & Transport.

Det hastar med å gjere noko med Hjørungavåg-vegen - før det går fleire liv, meiner frå v.: Åge Bigset (Spenncon), Kjell-Borger Østlund (Hjørungavåg Transport), Rakel Dyrhaug (Hareid næringsforum) og Rune Hoddevik (Pelagia).