I same perioden i fjor, frå og med januar til og med mars, var det heile 32 personar som omkom på vegane i Norge. Av dei ti som omkom i mars, var ni menn og ei kvinne. Dette skriv Trygg Trafikk i ei pressemelding.

Åtte av dei drepne var bilførarar, ein var bilpassasjer, og ein var fotgjengar. Fem personar forulykka i kollisjon med eit anna køyretøy, fire mista livet i utforkøyringar og ein blei påkøyrd.