Det vart kjent etter at dommen blei lest opp av tingrettsdommar Ruth-Louise Osborg i Sunnmøre tingrett, måndag.

Mannen, som opphaveleg kjem frå Bodø, drap Sami Milhem på bestialsk vis, og parterte så kroppen for å kvitte seg med bevis. Gjerningsmannen fekk ikkje fjerna liket, og drog frå staden. Milhem blei funne av folk som kom til leilegheita ei tid etter, og som fekk varsla politiet. 24-åringen som drap Milhem blei ikkje lenge etter pågripe i si eiga leilegheit på Valderøya. I avhøyr tilsto mannen drapshandlinga, men ikkje at det var med overlegg.

Ba om 20 år

Sistnemnte uttrykte aktor Jan Hoel lite forståing for, og ba i sin sluttprosedyre om at tiltalte burde få 20 år i fengsel. Grunnen til at aktor ikkje meinte tiltalte skulle ha maksimumsstraffa på 21 år, var at tiltalte hadde tilstått.

Forsvarar Jonny Veum meinte på si side at tiltalte ikkje burde få meir enn 16-17 år, då han ikkje burde dømmast for overlagt drap.

Dømd til 19 år

Tiltalte i saka etter drapet på Sami Milhem er altså dømd til 19 år i fengsel. Den dømde er også dømd til å betale erstatning på 230.000 kroner til kvar av foreldra, og 12.000 kroner i erstatning for påførde utgifter til drapsofferet sine foreldre. Tingretten meiner også at drapet blei gjort med overlegg.

Tiltalte blir dømt for å ha brote med straffelova paragraf 233 første og annet ledd og straffelova paragraf 143 til ei straff av fengsel i 19 år med frådrag av 266 dagar for tida tiltalte har vore i varetekt.

Retten legg til grunn at tiltalte hadde opparbeida ein sterk aggresjon mot avdøde som ein følgje av sambuaren si beskriving av valdtekten som skal ha skjedd 23.mai.

- Etter bevisførselen har retten funne det bevist ut over rimeleg tvil at tiltalte i tida før og under sjølve drapshandlinga faktisk tenkte seg om og tenkte over kva han gjorde. Retten meiner det er bevist ut over rimeleg tvil at tiltalte drepte Sami Milhem med overlegg, seier tingrettsdommer Osborg ifølgje smp.no.

Både aktoratet og forsvararane til den dømde 24-åringen tek ekstra tid for å vurdere om dei vil anke dommen eller ikkje.