i desember i fjor vedtok Fylkestinget å styrke kapasiteten på Hareid-Sulesund. Dette vart gjort etter at den Norled tok "Tidesund" ut av sambandet Hareid-Sulesund og erstatta henne med "Ullensvang", som ikkje har same kapasiteten.

Sidan "Ullensvang" starta i sambandet har det vore mange driftsstoppar og mange bilar som har stått att på grunn av for liten kapasitet.

Fredag ettermiddag fekk Møre og Romsdal fylkeskommune inn eit tilbod om ei tredje ferje på strekninga Hareid-Sulesund.

Seniorrådgjevar Knut Arve Orten seier til Sunnmørsposten at han ikkje kan røpe kva ferje det er snakk om, om det er ei av Norled sine eigne ferjer, eller ei selskapet har fått hand om frå andre selskap.

smp: